GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar på   I

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

 

 

 

IAPETOS

IKOS

IOLE

IYNX

 

IAO

 

 

 

 

 

 

IASION

INACHOS

IPHIGENIA

 

 

ILIA

 

 

 

 

 

 

IDA

INO

IRIS

 

 

INDIGITES DII

 

 

 

 

 

 

IKARIOS

IO

ISMENE

 

 

INDIVIDA

 

 

 

 

 

 

IKAROS

IODAMA

IXION

 

 

INFERNA

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ISIS

 

 

 

 

 

 

 

 

IAO

Mange stadar i Midt-Austen vart guden Ioa dyrka. Han var ein øvstegud - gudanes far. Iao var svært gammal, og hans namn var så heilagt at det var farleg å nemne det - for ikkje å snakke om å skrive det. Derfor er spora vi har funne etter Iao svært vage, men dei er mange. Var Iao guddommen som norrønafolket på Island kalla Allfader? Var det han som, vart kalla Nut i Egypt? Var han Bibelens Jahve?

Hebrearane kalla han Yâho, og meinte dette var det eldste namnet på Gud. Moses traff første gang Iao i skap av ei brennande busk, då han tente for Jethro i Midian. Iao tyder "Eg er", eller...."Eg andar"; for i gammal-hebraisk brukte ein samme ord for å ande som for å vere (å vere levande) - iah.

I den gamle religionen til kaldearane sat den høgste guddom på si trone ovanom dei sju himmel-sfærene. Han var den lysande ånd - det åndelege lys. Han vart kalla Iao, men hans namn var mystisk og unemneleg - og bare dei innvigde fekk lære det å kjenne.

Også fønikarane hadde ein øvste-gud som heitte Iao. Han var knytt til mysterie-kultar, og han var tre-einig.

Keltarane sine prestar - druidane, dyrka også guden Iao. Hans namn var unemneleg for andre enn dei innvigde, men han vart kalla Aflafar og "Den evige".

I hinduismen finn vi ein øvstegud, Sura, hvis namn tyder å ande, eller han som gir ande. Men dette er ein dobbel-gud - han heiter Sura-Asura. Asura tyder ikkje-ande. Denne dobbel-gud er det vonde og det gode aspekt i foreining, som to sider av samme mynt. Dei byggande krefter og dei nedbrytande krefter går hand i hand.

Er det nokon samanheng mellom Asura og den assyriske guden Assur?

Iao/Jahve vart også kalla Adonai, som tyder "Herre". (Sjå ADONIS).

Då dei greske ionarane koloniserte Lille-Asia, møtte dei Iao i byen Colofon i Lydia. Her vart det nå ei samrøre mellom ionisk og lydisk religion. I templet i Colofon vart Iao dyrka som ”ein transcendental guddom”. Han hadde fire aspekt, som representrete dei fire årstidene:

            ZEVS var våren – hans totemdyr var bukken (væren).

            HELIOS var sommaren – hans totemdyr var løva.

            HADES var vinteren – hans totemdyr var slangen.

            DIONYSOS var nyåret – hans totemdyr var oksen.

 

Det er uvanleg å treffe på ein fire-einig gud. Det vanlege vart trippel-prestinner og tre-einige guddommar. Dei fire årstidene verkar også litt underlege. Kvar på kalenderen skal nyåret plasserast?

(Les også om Den orfeiske skapingsmyten under URTIDSMYTENE).

 

Tekstboks: SKULPTURARTekstboks: STAMTREIAPETOS

Det heiter om Iapetos at han var ein TITAN - ein av dei eldste gudane. Han vart fødd av GAIA og URANOS. Namnet hans har mulig samband med Bibelens Jafet; - ein av Noas tre søner, men korleis dette kan henge ihop er uvisst.

Hans kone var CLYMENE (ASIA) - datter av titanane OKEANOS og THETIS. Det er lite fortalt om Iapetos og Clymene, men desto meir om deira barn. Fire av sønene deira var:

ATLAS

                                   PROMETHEVS

                                   EPIMETHEVS

                                   MENOITIOS

 

Somme mytar hevdar at titanen EVRYMEDON var far til desse fire brørne. Var Evrymedon eit anna namn på Iapetos, eller var det omvendt? Var Iapetos bare ein figur som vart oppdikta av oldtids-historikaren Ovid?

I Bibelen heiter det at Noas søner var menneskas stamfedre - semittane (arabarane) stammar frå Sem, hamittane (negrane) frå Kam.... så var vel Jafet stamfar til europearane? I Bibelen heiter det at Jafets ættlingar var vantru, og  busette seg på fjerne kystar.

Somme gamle mytografar har utlagt det slik at Iapetos tilhøyrde første generasjon titanar, medan hans barn tilhøyrde andre generasjon titanar. Det er hevda at hans hustru, Clymene, også var hans søster. Men det var ikkje vanleg at Clymene vart nemnt når titanane skulle opplistast. Ho vart rekna å tilhøyre dei havnymfene som vart kalla OKEANIDENE, og var døtre av titanen OKEANOS. .Slektsgranskning som går tilbake til desse lengst svunne tider, må vi bare rekne som svært upåliteleg.

Ifølge oldtids-historikaren Hesiod var Iapetos farbror til ZEVS, og i nokre nyare greske mytar heiter det at han var menneskas stamfar, sidan hans son Promethevs, med hjelp frå ATENE, skapte dei første to menneska av leire og vatn.

Det er Ovid som fortel at Promethevs skapte den første mann og den første kvinne. Denne myten har han henta frå det babylonske mytologi-eposet Gilgamesh, men han fann på andre namn på alle myte-figurane. Mytar frå ulike kulturar var samanrørte på Ovids tid, og titanen IAPETOS vart kanskje eit Ovid-påfunn, etter inspirasjon frå Mosebøkene - at han adopterte Noas son Jafet inn i gresk mytologi, gjorde han til Titan, og kalla han Iapetos?

NY VITEN: Det er mulig at Iapetos var eit anna namn på OKEANOS. I så fall var hans hustru Clymene også hans datter. Slikt var ikkje uvanleg på den tida. Iapetos skal ha vore far til kongen og elveguden INACHOS, som grunnla byen Iopolis i Argolis. (Sjå IO).

 

Tekstboks: THEBESIASION

Iasion var son av ZEVS og ELEKTRA, og han hadde broren Dardanos.

Iasion vart forelska i DEMETER då han var i bryllupet til KADMOS og HARMONIA. Dei elska på ei mark nær bryllupsstaden, men ZEVS fekk greie på dette. Han drepte Iasion med ein tordenkile. Ungen som Demeter sidan fekk, var PLUTOS, som vart guddom for rikdom og makt.

Denne kortversjonen er ei symbolhistorie som forfektar den haldninga at dei var skammeleg for dei patriarkalske Zevs-dyrkarane å ha intimt samkvem med den gamle jordgudinna Demeter. Nå skal eg fortelje korleis det eigentleg gjekk for seg under bryllupet:

Kadmos hadde blitt mektig konge i Thebes, og bygde eit stort akropolis i denne byen som han hadde grunnlagt. Han fekk lære om mysteria som Zevs hadde lært Iasion. (Eg tolkar dette slik at Kadmos overtok øvsteprest-embetet etter Iasion).

Då Kadmos ein gang vitja byen Samotrake, gav ATENE han HARMONIA til brud. Harmonia var datter av AFRODITE og ARES. Kadmos var eigentleg frå Tyros i Fønikia, og Atene gav han Harmonia til ekte for å vise at grekarane nå ville godkjenne han som gresk statsborgar.

For første gang i historien var dei olympiske gudane inviterte til eit menneske-bryllup. Det vart sett opp tolv gylte troner for gudane i Kadmos' hus, og alle hadde dei med dyre gåver. Av si svigermor Elektra, fekk Harmonia lære ritene til Den Store Gudinne; dette var løyndekunnskapane som vart kalla Dei Samotrakiske Mysteria. Demeters gåve var å sikre landet ei rik bygg-avling. Dette ordna Demeter ved å ha samleie med Iasion på ein åker som var pløgd tre gangar under bryllupet. Under denne akten spela MUSENE fløyte og sang, medan APOLLON spela på lyre. Og truleg vart bygg-avlinga god, for Demeter fødte sonen Plutos etter dette, og han vart gud for rikdom.

Vi forstår at det var ei Demeter-prestinne som utførte samleiet med Iasion. Dei andre gudane som var til stades, var truleg også representerte ved slike stunt-kvinner og -menn. Det er fortalt at Iasion enda sine dagar ved å verte oppeten av sine eigne merrer, og dette skjedde nok rett etter samleiet med Demeter-prestinna. Det betyr at Iasion var ein heilag-konge - han vart kåra til konge og dyrka med mykje stas i eitt år, for så å verte riven i filler og oppeten av prestinner som var utkledde som merrer. Dette vart gjort for å sikre landet rik avling og mange barn; det var slik dei dreiv det i matriarkatets tid. At prestinnene kledde seg ut som merrer, viser at dei var dyrkarar av ein heste-kult.

Kadmos vart ikkje drept på samme vis som sin forgjengar Iasion, så matriarkatet miste nok si makt i Kadmos' regjeringstid. Kadmos levde eit langt og dramatisk liv, men til sist vart han og Harmonia omvandla til slangar, heiter det. Slangen var eit jord-symbol, så dette var vel eit påfunn av matriarkatet for å få siste ord.

Tekstboks: IDA KRETATekstboks: IDA TYRKIAIDA

Ida var eit heilagt fjell, og truleg også namnet på fjell-NYMFA (OREADA) som hadde tilhald i dette fjellet.Vi kjenner minst to heilage Ida-fjell – eitt på Kreta, og eitt i Lille-Asia, ved Troja.

På Ida-fjellet ved Troja vart mellom anna den store mor CYBELE dyrka. Her vart også HERMAFRODITOS oppfostra -  ein vakker unnggut; son av HERMES og AFRODITE. Og den trojanske prins PARIS vart sett ut på Ida-fjellet av faren sin, for at ulvane skulle ta han.

Ida sendte bier med honning til ZEVS, då han låg i dekning for faren sin på Kreta.

Tekstboks: MEIRIKARIOS

Ikarios må ikkje forvekslast med IKAROS, og heller ikkje med den Ikarios som var konge i Sparta.Vår Ikarios her var ein atenar som var gjestfri mot DIONYSOS, og som lønn skaffa Dionysos han vindruer og lærte han å lage vin. Så Ikarios sette mennene sine til å plante vinrankar, og dei vaks og vart frodige. Men ei geit braut seg inn i vingarden og gjorde skadeverk. Ikarios drepte geita, laga ein sekk av geitas mage, som han bles opp og så kasta til vennene sine, og bad dei danse rundt geitemagen.  (Merkeleg påfunn).

Ikarios laga masse vin, og ein dag kom han køyrande med eit fullt vognlass med vin. Han gav nokre gjetarar å smake, og dei drakk i store mengder så dei reint vart døddrukne. Andre gjetarar som såg dette, trudde at Ikarios hadde forgifta vennene deira, så dei drepte han, og kasta kroppen hans i ein brønn. Men då dei drukne gjetarane vakna, fortalde dei at dei aldri hadde sove så bra, og dei ville treffe Ikarios for å lønne han. Drapsmennene skjøna nå at dei hadde gjort gale, og tok til flukt.

Dattera til Ikarios heitte Erigone. Ho leita etter faren sin, med hjelp frå hunden Maira. Då dei fann faren død, hengte Erigone seg. Sidan var landet plaga av uår og lidingar, til innbuarane, på råd frå APOLLON, innstifta ein fest til minne om Ikarios og Erigone.

Gudane sette dei tre på himmelen, som stjernebilete og stjerner. Ikarios vart til Boøtes (Bjørnevaktaren), Erigone til Virgo (Jomfrua) og Maira vart til stjerna Procyon i stjernebiletet Canis Minor.

I andre mytar heiter det at Ikarios vart rituelt ofra i byen Marathon. (Sjå under HEKABE).

 

Tekstboks: DAIDALOSIKAROS

Ikaros var son av den atenske arkitekten og tusenkunstnaren DAIDALOS. Både far og son vart innesperra i labyrinten til kong MINOSKreta. Dei flykta derifrå ved hjelp av kunstige venger som Daidalos hadde konstruert - truleg ein slags hang-glider. Daidalos sa at Ikaros ikkje måtte flyge for nær sola slik at limet smelta, eller for nær sjøen slik at spilene rusta. Men Ikaros flaug for nær sola, som smelta voksen dei hadde limt vengene med, og han styrta ned i det havet som sidan har fått namnet Det Ikariske Hav. Somme seier at Herakles fann han og gravla han, men det er truleg bare spekulasjonar.

 

Les meir under MINOS.

 

IKOS

- sjå AIAKOS.

 

ILIA

Ilia var datter av kong NUMITOR av Alba Longa. Alba Longa var ein tidleg latinsk bystat som låg 2 mil søraust for nåverande Roma (grunnlagt ca. 1150 fvt.). Numitor vart kasta frå trona av sin bror, AMULIUS. Amulius drepte også Numitors søner, og han tvang Ilia til å bli vestalinne, slik at ho ikkje kunne føde søner som kunne bli eit trugsmål mot han. For vestalinnene måtte avlegge kyskheitsløfte – dei måtte leve i sølibat. (Sjå VESTA).

Ilia vart også kalla Silvia, Rhea Ilia og RHEA SILVIA. At Rhea var knytt til namnet hennar, tyder nok at ho som prinsesse hadde svært høg status i Vesta-templet. Den gamle RHEA var mor til ZEVS - for romarane var ho mor til JUPITER. Vestalinnene førte vidare ein Store Mor-kult frå steinalderen, når dei hadde ei Rhea mellom seg.

Men med krigsguden MARS fekk Ilia sønene ROMULUS og REMUS. Onkel Amulius heiv Ilia i elva Tiber, fordi ho hadde brote kyskheitsløftet sitt. Elveguden TIBERINUS fann ho og tok ho ned i elva til seg. Står du på ei av Tibers bruer og stirer ned i elvevatnet, så kan du, om du er heldig, ennå få ein skimt av ho.

Andre har hevda at Amulius kasta Ilia i fengsel. Og Amulius sette dei guddommelege tvillingane, Romulus og Remus ut på ein flåte i elva under vårflaumen, og dei dreiv snøgt nedstraums. Men deira far Mars kom til hjelp – hans heilage dyr, ulven og hakkespetta, berga tvillingane, og gjetaren Faustalus fann dei og fostra dei opp. Tvillingane vart sidan Romas grunnleggarar. Dessverre vart Remus seinare drept av Romulus i ein krangel. (Sjå også ROMULUS og NUMITOR).

 

Tekstboks: ARGOSTekstboks: ELVAINACHOS

Inachos var ein HERO, og han var elvegud i den greske elva som også heiter Inachos, og renn gjennom landskapet Argolis. Inachos var son av OKEANOS og TETHYS, og med nymfa Melia fekk han to søner -  Phoroneos og Aegialeos, og somme hevdar at Inachos og Melia også fekk døtrene IO og Mycene. Om Io er mangt å fortelje - (sjå IO).

Inachos var den første som slo seg ned i Argolis. Han rudde landet etter Den Store Flaumen (sjå DEUKALION), og han grunnla byen Argos.

I ein annan myte heier det at det var Phoroneos som grunnla Argos - byen heitte først Phoroneos, men skifta sidan namn til Argos. Det var frå først ein marknadsby.

 

Både POSEIDON og HERA ville gjerne verte verneguddom for Argos og Argolis. Dei bad Inachos og to andre elvegudar om å dømme mellom dei. Dei tre dommarane overgav landet i Heras varetekt, men Poseidon vart så rasande over å tape for søstera si, at han let alle elvane tørke inn. Og innimellom laga han skadeflaum.

Aegialeos vart mektig konge etter Iachos, og grunnla mellom anna byen Sicyon. Han døde barnlaus.

Phoroneos var den første mann som lærte å bruke elden, etter at PROMETHEVS hadde brakt den til menneska. Phoroneos vart også konge i Argolis, som sin bror Aegialeos. Han tok seg to koner - nymfene Cinna og Cerdo. Med Cinna fekk han sonen Apis og dattera Niobe. Apis vart ein brutal tyrann, og vart til sist myrda. Han døde barnlaus.

Med Cerdo fekk Phoroneos sonen Car, som utvandra frå Argos med ein folkehop, og slo seg ned i byen Megara lenger nord. Her bygde han festninga Caria.

Korleis kan ein konge vere elvegud? Og kvifor heitte kong Inachos det samme som elva? I gammal tid meinte folk at alle levande og døde ting, og alle naturfenomen, hadde ibuande, guddommelege krefter - at alle ting hadde sin guddom. Ei elv var mektig og dynamisk - i høve til for eksempel eit grasstrå eller ein okse. Derfor vart elveguden halden for å vere særs mektig. Korleis elva tedde seg var også avgjerande for om årets avling skulle verte god eller dårleg, for rann elva tørr, så vart det tørkekatastrofe. Folket i Argolis måtte vel forstå at nedbøren var avgjerande for om elva skulle føre rikeleg med vatn eller ei, men dei brydde seg ikkje så mykje om å vere logiske. Når dei ønskte vatn til å vatne åkrane, så påkalla dei elveguden, ofra til han, og bad han vise seg frå si beste side. Elveguden vart ein sentral guddom, og det vart etablert ein kult...med eit eige presteskap, som skulle arbeide for å oppretthalde god og konstruktiv kontakt med elveguden.

Gjetar-kulturar dyrka gjerne okse og ku - krigar-kulturar dyrka hest og merr, men jordbruks-kulturar i tørre strøk dyrka elvar. Kong Inachos vart øvsteprest i Argolis' elve-kult. Han kledde seg ut som ein elvegud, og kalla seg med samme namn som elva. Eller så var det elva som vart kalla etter han - kanskje etter at han var død, og hans lekam vart senka i elvevatnet. Det kan til og med hende at han let seg ofre til elva; ein særs tørr vår, for å berge sitt folk frå hungersnaud. Etter ein slik sjølvoppofrande  innsats ville det vere naturleg å døype elva etter han, og kanonisere Inachos til elvegud.

Etter at Inachos var blitt elvegud, vart det religions-skifte i Argolis, og Hera tok over som øvsteguddom. Dette religions-skiftet var nok påtvunge argolane av mektige nabokongar. Det er mulig, at elvegudens øvsteprest, kong Inachos, fekk tilbod om å abdisere på ærefullt vis, ved å kaste seg i elva.

Det er interessant å sjå at argolane fekk valet mellom Poseidon og Hera, når dei måtte underordne seg ein ny religion. Poseidon var knytt til det olympiske patriarkatet. Det var Hera også, men ho hadde ei eldre, meir matriarkalsk forhistorie. Tre argolske elvekongar tok avgjerden, og valde Hera. Frå Kristendommen kjenner vi til at somme rettar sine bøner til Jesus, medan andre likar betre å påkalle Jomfru Maria.

 

INDIGITES DII

Indigites Dii var eit samlenamn på alle dei opphavlege romerske gudane. Dei fleste var verneånder, for kvart sitt domene – hus, åkrar, buskap, ekteskap, barn, brødbaking osv. Importerte gudar vart kalla NOVENSILES DII.

 

(Sjå til dømes MANES).

 

INDIVIDA

Individa var romersk gudinne for sjalusi. Namnet tyder ”udeleleg” – eit individ er den minste eining ei gruppe menneske kan delast i – eit individ er eit einskildmenneske. Individa vart rekna for å vere ganske sjølv-sentrert, og hadde ho ein kjærast, så ville ho ikkje dele han med andre. Har du høyrt slikt!

 

INFERNA

Inferna var eit namn romarane brukte på Underverda. Også PROSEPINE kunne kallast med dette namnet, for ho var Underverdas dronning.

 

Tekstboks: INOINO

Ino var datter av kong KADMOS og dronning HARMONIA, og vaks opp i byen Thebes. (Sjå KADMOS, IASION og KRYSOMALLOS.) Ino var søster av AGAVE, SEMELE og AUTONOE. Ho rekna AFRODITE som si bestemor.

Alle barna til Kadmos og Harmonia fekk ein tragisk lagnad. Semele, mor til DIONYSOS, vart drept av ein tordenkile frå ZEVS som brann ho til oske. Agave drepte sonen sin, Pentheos, under påverknad av Dionysos' galskap. ACTEON, son av Autonoe, vart drept av jakthundane sine, då han tilfeldigvis kom til å sjå ARTEMIS naken. Og ei tragisk endelikt fekk også Ino.

Ino gifta seg med kong Athamas av Orchomenos, som residerte på vestsida av Copais-sjøen. Dette var i Boøtia. Athamas hadde gått trøtt av si første kone, NEFELE. Då Nefele høyrde at Athamas ville ta ny kone, klaga ho seg til HERA.

Eitt år gjekk det dårleg med avlinga i landet, og Athamas sende forespurnad til Oraklet i DELFI om kva som kunne gjerast for å få slutt på tørken. Nå muta Ino bodberaren i løynd - at han skulle kome att med beskjed om at Athamas måtte ofre sonen han hadde fått med Nefele - FRIXOS. Dette gjorde Ino fordi ho ønskte at ein av hennar eigne søner, LEARCHOS eller Melicertes skulle arve trona.

Athamas hadde lagt Frixos på altaret, og skulle til å ofre han. Då dukka ein gylt vær opp ved altaret. (Mykje likt soga om Abraham og Isak). Frixos, og hans søster HELLE, kleiv opp på ryggen til væren, og væren flaug med dei mot aust. Då væren (ARIES) flaug over stredet mellom nordlege Aegea og Propontis, fall Helle i sjøen. Dette havstykket har fått namnet Hellesponten etter ho. Væren flaug vidare, og kom til byen Kolchis i landet Aea. Det låg ved aust-enden av Svartehavet. Her ofra Frixos væren, for å vise gudane takksemd fordi dei hadde berga han frå Ino's renkespel. Frixos gav skinnet til AEËTES, kongen av Aea. Skinnet er kjent som Det gylte skinn; (sjå JASON).

Nå greip Hera inn for å hemne Nefele si skam, og for å straffe Ino fordi ho hadde fostra opp søstersonen sin - DIONYSOS, som Hera hadde lagt for hat. Hera slo kong Athamas med galskap - han trudde at hans son, Learchos, var ein vær - skaut ei pil gjennom han, og reiv han i småbitar. Ino rømde med sin andre son, Melicertes. Athamas kom etter, og Ino rømde til Det Molurske Fjell, og derfrå hoppa ho desperat i elva som rann i strid straum nedunder fjellet, og både ho og Melicertes drukna.

ZEVS ville lønne Ino fordi ho hadde fostra opp sonen hans Dionysos, så i staden for at ho hamna i TARTAROS, så skapte Zevs ho om til havgudinna LEUCOTHEA ("kvit gudinne"). Melicertes vart til havguden Palaemon. Somme har hevda at Palaemon var samme gud som den romerske gud for hamner - PORTUNUS, men dette verkar usannsynleg.

Andre myter hevdar at også Ino vart slått av galskap - alle som kom nær Dionysos vart gal. Ino drepte og kokte Melicertes i ei gryte, og rømde med gryta til fjellet der ho kasta seg utfor. Slik kan det gå når ein vert gal!

Mytane om Ino, Frixos, Helle og Aries lukta symbolhistorie lang veg. Kva var det med den flygande væren Aries, og hans gylte skinn? Førebels gir eg opp å spekulere over kva som kan ligge bak desse mytane.

 

Tekstboks: MEIRTekstboks: HARVEST MOONTekstboks: Kart EUBOEA D5IO

Io var ei argolsk prestinne - ho var prestinne for den Den Argolske HERA i byen Argos, som var eldste greske by i landskapet Argolis, på Pelopponnes. Io var datter av INACHOS, ein gammal HERO som vart dyrka som elvegud i Argos. (Sjå INACHOS).

Io leid den vanheppe at ZEVS fekk attrå til ho. Dette dreide seg om ein spesiell Zevs - øvstepresten Zevs Picos; (sjå lenger nede). Det var ein spesiell grunn til denne Zevs-prestens brå hugteke - dattera til PAN og EKKO, IYNX, hadde kasta trolldom over han; (sjå IYNX).

Zevs hustru, HERA, var alltid svartsjuk når Zevs for etter andre kvinner. Nå drog Zevs ei nattsvart sky over himmelen, så Hera ikkje skulle sjå kva som gjekk føre seg. Men Hera gjennomskoda han. Ho straffa Iynx ved å omskape ho til fuglen vendhals. Så ville Hera gå laus på Io. For at Io skulle sleppe unna Hera's vreide, skapte Zevs ho om til ei kvit kvige. Men Hera ana ugler i mosen, og bad om å få kviga som gåve. Zevs kunne ikkje nekte. Hera sette Io i varetekt hos ARGOS - vaktmannen med hundre auge. Io vart til sist sett fri av HERMES. Utkledd som hakkespett spela han fløyte for Argos til alle hans hundre auge sovna. Så drepte Hermes han med ein kampestein, og gav augene hans til Hera, som sette dei på påfugl-vølet - (Argos-auger). Påfuglen var Heras yndlings-fugl.

Io rømde først til DODONA, og nådde så fram til Det Ioniske Hav, som har namn etter ho. (Dette meiner eg må bety at også folkestamma ionarane har sitt namn etter Io). Så gjorde Io ein krapp sving, og vandra nord til Haemos-fjellet i Trakia, over Donau-deltaet,  og medsols gjekk ho rundt heile Svartehavet, kryssa Det Krimske Bosporos, og følgde elva Hybristes til dens kjelder i Kaukasus. Men Hera heldt heile tida fram med å plage Io, ved å sende bremsar (stikke-insekt) som stakk ho kvar ho gjekk. Io klaga sin naud til PROMETHEVS som stod bunden til ei klippe der i Kaukasus. Han trøysta ho med at etter mange lidingar ville ho kome til Nilens land, Egypt. Her ville Zevs gjere ho til prestinne igjen, og ho ville føde han sonen EPAPHOS.

Io kom seg så tilbake til Europa via landet Kolchis aust for Svartehavet, og ho vassa over Det Trakiske Bosporos, og lunta så tvers over Lille-Asia, og gjennom byane Tarsos og Joppa (Tel Aviv). Så vandra Io så langt som til Medea, Baktria og India; ho gjekk så sørvest gjennom Arabia, og kryssa Det Indiske Bosporos (Bab-el-Mandeb-stredet ved Raudehavet), og ho kom til Etiopia. Deifrå vandra ho nordover frå Nilens kjelder, der PYGMEANE var i var i evig strid med Tranene, og då ho endeleg kom til Egypt, la ho seg ned og kvilte. Her omskapte Zevs ho til kvinne igjen, og ho gifta seg med den egyptiske kongen Telegonos, og fødte sonen EPAPHOS, som også vart egyptisk konge. Zevs påstod det var han som var faren.

I Egypt oppretta Io ein kult for DEMETER. Men ho gav Demeter nytt namn - Aset (ISIS).

Ios son Epaphos, som vart rekna for å vere okse-uden APIS, vart herskar over Egypt. Han fekk dattera LIBYA, som vart mor til POSEIDON, AGENOR og Belos.

Det er mange mytar om Io, og dei samsvarar ikkje så bra. Somme meiner altså at Io var datter av elveguden og  kongen INACHOS, son av TITANEN IAPETOS, som grunnla byen Iopolis i landet Argolis. I Argolis vart Io dyrka som månegudinne, og Inachos kalla dattera si Io etter månegudinna. Så var der ein nabohøvding som kalla seg Zevs Picos - konge av Vesten. (Picos tyder hakkespett). Han sendte tenarane sine for å kidnappe Io, og han valdtok ho straks ho var innanfor palasset hans. Io fekk av dette dattera LIBYA, og Io rømde etterpå til Egypt. Men ho oppdaga at Zevs' son HERMES var konge der, så ho rømde vidare til Silpium-fjellet i Syria, der ho døde av sorg og skam.

Inachos sendte Ios brør og slektningar for å leite etter ho, og han sa det ville gå dei ille om dei kom tomhendt tilbake. Dei hadde med TRIPTOLEMOS som vegvisar, og dei banka på alle dører i Syria og ropte: "Må Ios sjel finne kvile!". Til sist kom dei til Silpium-fjellet, og der dukka det opp ei fantom-ku som tala til dei: "Her er eg, Io". Dei fann ut at Io måtte ha blitt gravlagd der, og derfor grunnla dei ein ny by der, som dei kalla Iopolis etter Ios kultby i Argos. Og til ære for Io, så banka folka i denne nye Iopolis på dørene til kvarandre ein dag årleg, og ropte same orda som argivane brukte då dei var på leiting etter Io.

Men somme trur at Io fødte Epaphos i ei hole som heitte Boösaule i landet Euboea, og etterpå så døde ho der, på grunn av bittet frå ein brems. Før ho døde vart ho til ei ku, som skifta farge frå kvit til fiolett-raud og så til svart.

Det er ikkje barnemat å prøve å forklare og utgreie mytane om Io.  Men vi forstår at dei gamle argivane i riket Argos på Pelopponnes dyrka månegudinna i skap av ei ku. (I tillegg dyrka dei elveguden INACHOS). Nymånen likna eit kuhorn, og brakte regn, som trengtes for at kua skulle få fór. Io var regnmakar-gudinne/prestinne. Som kua i Euboea, hadde månen tre fargar - kvitt var nymåne, fiolett-raud var innhaustings-måne, og svart var den minkande måne.

(Innhaustingsmåne er eit spesielt omgrep. Når avlinga skulle i hus om hausten, arbeidde dei på åkrane så lenge det var dagslys, og så endå noko lenger, for ei tid på hausten står månen opp kort etter solnedgang, og så kunne dei arbeide vidare i måneskinet).

Namnet Io tyder faktisk fiol eller fiol-farga. Ios tre fargar symboliserte dei tre fasane i kvinnas liv - jentunge, gifteferdig og kjerring. "Hennes øyne var som fioler", skreiv romantikkens poetar.

Brems var til stor plage for kvegflokkane. Somme artar legg egg i naseborane til dyra - noko som kan gi alvorlege helseplager. Nomadiske gjetarar i Afrika rømmer ennå frå distrikt til distrikt for å sleppe unna bremsen. I Argos vart det arrangert ein årleg dans der kvinnene kledde seg ut som kyr og lest som dei vart jaga av brems til dei vart gale. Mennene var utkledde som hakkespetter, og tromma på eikestammer for å skaffe regn. (Også i norsk folketru heiter det at hakkespetta varslar regn). Ved denne dansen håpte vel argivane at bremsane skulle verte "fed up". Ios omskaping til kvige har nok samanheng med denne dansen.

Fuglen vendhals, IYNX, var også knytt til regn, for han bygg reir i piletrea langs elvebreiddene.

Ios lange vandring rundt Svartehavet og vidare heilt til Egypt, fortel om ei folkevandring. Flokkar av argivar vandra ut frå Argos, og grunnla koloniar langs heile Ios vandringsrute. Dei brakte brems- og renmakar-dansen med seg.

Det er mange likskapar mellom Io-kulten i Argos, ISIS-kulten i Egypt, ASTARTE-kulten i Syria og Kali-kulten i India. I alle desse kultane finn vi spor av ein idé om ei heilag måne-ku som vandrar over himmelen, verna av stjernene. Dei meinte altså at månen var ei ku!

Alle høvdingane til dei innvandrande hellenarane kalla seg Zevs. Dei underla seg byane til den gamle ioniske, matriarkalske kulturen, og valdtok prestinnene, for å vise kven som var sjefen. Ei av desse prestinnene kalla seg Hera - ei anna Io, og dei var mange fleire. Korleis vart Hera kona til Zevs? Ho var kanskje den mektigaste av alle dei matriarkalske prestinnen? Kvifor var Hera sjalu på Io og alle andre kvinner som Zevs tuska med? Det var kanskje ein maktkamp mellom dei ulike byane? Då hellenane hadde underlagt seg ionarane, vart dei to folkeslagas religionar integrert, for å fremje fredeleg sameksistens. Det vart inngått heilage ekteskap mellom Zevs-prestane og Måne-prestinnene. Prestinnene fekk behalde ein god del makt, og så kivast dei vel ein del seg imellom.

Krigen mellom traner og pygmear, som Io la merke til då ho var på vandring ved Nilens kjelder, handlar om ein krig mellom masai-negrar, som hadde invadert området, og som fordreiv sørover pygmeane som heldt til der frå før. Dei langbeinte masaiane stod på eitt bein i den heite sanden når dei gjette buskapen, og derfor vart dei kalla traner.

Io vart stammor til HERAKLES, den største av HEROANE. Det var han som til sist fridde PROMETHEVS frå klippen.

Mange stadnamn skriv seg frå Io og hennar livslaup. Vestkysten av Lille-Asia vart kalla Ionia etter ho, for langs denne kysten rømde ho for bremsane. (Herav ionarane - ioniske søyler). Bosporos tyder "kuas vadestad". Mange har satt Io i samband med den store, egyptiske gudinna ISIS (Aset), og i alle høve er det mykje som tyder på at Io opphavleg kom frå Egypt. Men kunne Isis verte gift med ein konge frå Argos?

 

Tekstboks: Kart Iton C4IODAMA

Iodama var datter av kong Itonos - konge i byen Iton i landet Phthiotis. Hennar namn tyder "Måne-kalv". Ho vart drept av ATENE, ved at Atene lurte seg til å syne ho hovudet til MEDUSA. Iodama vart då forvandla til ei steinblokk.

Den mektige gudinna ATENE heldt seg med spesielle prestinner, som etter endt teneste skulle ofrast til gudinna. Eldste spor av denne kulten har vi frå eit fat-måleri frå byen Mykene. Slike guddommeleg utvalde ungjenter vart gjerne brent på eit bål av døde trestammer, og denne skikken var knytt til Dødsrike-gudinner.

Vi forstår av dette at den gamle Atene vart dyrka som måne-trippel-gudinne, og at desse ofringane var knytt til hennar tredje aspekt, då ho var den minkande måne - den gamle kjerring som førebudde seg på døden. (Sjå HECATE). Når det gjeld Iodama, så skulle ho gjere teneste for Atene Itonia, ved Atene-HADES-templet i Iton - hennar fars hovudstad. Dette templet var eit fellestempel for Atene Itonia og Hades.

Ungjenta som var utvald til å verte ny offer-prestinne for Atene, måtte kome seg til templet utan å verte oppdaga og gjenkjendt. Om dette gjekk bra, så fekk ho æren å vere prestinne for Atene Itonia. Ho gjekk barbeint omkring i templet, kledd i ein enkel kjole, og vaska og rydda - men bare på nattestid. Ho måtte aldri vise seg for gudinna, og ho fekk aldri forlate templet. Før ho skulle ofrast vart ho raka på hovudet, og så skulle ho vaske Atene-statua i templet. Iodamas død skulle symbolisere Atenes død. Månegudinna Atene måtte døy, for at livshjulet skulle svive rundt, så ei ny Atene kunne verte født. Vaskinga av Atene-statua symboliserte lik-vask. Den som skulle tre inn i Dødsriket måtte vere reinsa. Også i dag vaskar vi våre døde før vi legg dei i kiste.

Iodama ville døy den dag Atene viste seg for ho i templet med gorgon-maska. Iodama hadde sitt eige altar i templet, med ei Iodama-statue ståande attmed. Og kvar dag kom ei prestinne fram med ein heilag eld. Ho gjekk tre gangar rundt altaret, og tre gangar ropte ho høgt: "Iodama lever, og ho vil ha eld og offer på altaret". Så tende prestinna eld på Iodamas altar. Men kvar natt brann elden ut, og til slutt ein dag, kunne ikkje lenger prestinna rope: "Iodama lever".

Mange greske byar hadde slike Atene-kultar med prestinne-ofring. Med tida vart det slutt på skikken med menneskeofring - først i sentrale distrikt. Frå den greske byen Laodiceia i Syria vart det ofra ei jomfru til Atene årleg, men seinare vart jomfrua bytta ut med ei kvige. (Sjå IO). På Kypros vart ei jomfru årleg ofra til AGLAUROS, som her vart dyrka i eit Atene-tempel, saman med DIOMEDES. Jomfrua var barbert på hovudet. Ho vart leia rundt altaret tre gangar, og så vart ho spidda med lanse av ein prest, og etterpå kremert. Den døde tempel-jomfruas aske vart strødd over havet - frå ei høg klippe.

Iodama var knytt til Atene-dyrking frå yngre steinalder. Det var mange Iodama-tempel rundt om i Boøtia i tida før grekarane invaderte. Dyrkinga av Iodama heldt fram mange stadar også etter den greske invasjonen.

Somme gamle rykte tyder på at Iodama var krigersk av seg - at ho vart dyrka som krigsgudinne. Det er nemt at Iodama også hadde ei datter som heitte Thebe, som var like krigersk, og dyktig med sverdet. Iodama og Thebe var sparring-partnarar for Atene når ho skullle øve seg i sverdkamp.

PALLAS hadde ein liknande lagnad som Iodama. Sjå også AGLAUROS.

Med dei kunnskapane som har overlevd oss om Iodama (og Atene), greier vi bare å danne oss nokså uklare bilete, men dette er spennande stoff å studere.

 

Tekstboks: OECHALIA Kart C3IOLE

Iole var datter av den doriske kong Evrytos i Oikhalia. Faren sette ho opp som premie - den som kunne slå han i bogeskyting skulle få Iole. HERAKLES greidde dette, men så fekk han henne ikkje likevel. Han vart sint, og drepte broren til Iole, Ifitos, ved å styrte han ned frå bymuren. Herakles fall deretter i mismot over at han kunne finne på noko slikt, og drog til oraklet i DELFI for å få greie på korleis han kunne sone denne synda, og verte fri sin galskap. Han fekk vite at han måtte seljast som slave for eitt år.

HERAKLES var sjølv auksjonarius under slave-auksjonen, og han selde seg  til dronning OMPHALE av Lydia for eitt år (i andre mytar heiter det at Herakles måtte vere slave i tre år). Då han hadde sona ferdig straffa, herja han Oikhalia, drepte Evrytos og tok med Iole til Thrakia.

Men Herakles' kone, DEIANEIRA, vart sjalu på Iole. Ho sende Herakles ein kjortel, som var dynka med blod frå kentauren NESSOS. Ho trudde kjortelen skulle få Herakles til å elske ho som før, men då Herakles tok kjortelen på, vart han forgifta og døde. Før sin død overlet han Iole til sonen sin, HYLLOS, som sidan gifta seg med ho.

Under HERAKLES er fortalt ein annan versjon om korleis tilhøvet var mellom Herakles og Iole og hennar familie.

(Sjå også DEIANEIRA).

Det var tre byar i gresk område som bar namnet Oikhalia (Oechalia). Dei som har studert, trur at Iole var heimehøyrande i Oikhalia i Thessalia. Eg trur byen har namn etter Iole - at byen opphavleg heitte Iokhleia eller noko liknande.

Iole var ikkje bare prinsesse i Oikhalia - ho var også prestinne ved månegudinnas tempel i byen, og vart her dyrka som månegudinnas jordiske framtoning.

Under IO har eg skrive at Io var ionisk månegudinne, og at ionarane har namn etter ho; dessutan at Io omskapte seg til kvige, og at ionarane meinte at månen var ei ku. Ioles namn liknar mykje på Io, så eg undrar på om Io og Iole var to utgåver av samme månegudinne; dyrka i kvar sin by.

 Så meiner dei fleste ekspertar at Iole tilhøyrde den doriske folkestamma. Ionarane reknar seg å stamme frå Io. Men kven var Ios forgjengar? Var ho ei dorisk månegudinne? Stammar ionarane frå dorarane? Og kvifor kjem Herakles og blandar seg inn?

 

Tekstboks: DEBATTTekstboks: DRAMATekstboks: MEIRIPHIGENIA

Iphigenia var ungjenta som grekarane ofra til ARTHEMIS før dei gjekk til krig mot Troja. Hennar namn tyder "stammor til ei sterk folkestamme". Iphigenia var den førstefødte av barna til kong AGAMEMNON og dronning KLYTAIMNESTRA av Mykene. Hennar søsken var ORESTES, ELEKTRA og Chrysothemis. Iphigenia vart også kalla Iphianassa - eit namn som kan tyde på at ho vart dyrka som hav-gudinne.

Men somme har hevda at Iphigenia var adoptivdatter av Klytaimnestra - og at hennar eigentlege foreldre var THESEVS og Klytaimnestras søster HELENA. Men sidan Helena var månegudinne, så er dette sikkert ein tillaga myte, som skulle rettferdiggjere at Iphigenia vart dyrka som månegudinne - som Helenas etterfølgar.

Måne-gudinna Arthemis var arg på Agamemnon fordi han, saman med sin bror MENELAOS, hadde drept ein hjort som var gitt ho i gåve. På krigstoktet mot Troja vart grekarane hindra av vindstille utanfor Aulis. Der låg dei med 1200 skip og kom ikkje av flekken, og dei kom til at årsaken til den dårlege børen måtte vere at Arthemis var arg på dei. Det var sjåaren Chalkis som då kom med det rådet at dei måtte ofre kongens vakraste datter for å få bør. Ofra dei Iphigenia, så fekk dei Helena, sa han. Iphigenia vart brakt til Aulis der flåten låg, under påskot av at ACHILLES ville gifte seg med ho. Under sterkt press frå Menelaos, Chalkis og soldatane, let Agamemnon ho ofre. Og så fekk dei god seglings-vind.

Det er hevda av somme at Iphigenia let seg friviljug ofre, for å hjelpe faren sin, eller for å hjelpe sitt folk. Så ho vart sidan dyrka som heltinne - HEROINE. Men Agamemnon vart fordømt av mange for at han let Iphigenia ofre, og i ettertid vart det sagt at det var straff som fortent at Klytaimnestra myrda han.

Det er framsett ein myte der det heiter at Arthemis i siste liten berga Iphigenia frå ofringa, ved å bytte ho ut med ein okse eller ein hjort. Iphigenia kom sidan heim til Mykene, og hennar bror, Orestes, tok seg av ho. Vi forstår av dette at Iphigenia vart dyrka som gudinne ved eit tempel i Mykene, og at ei øvste-prestinne kalla seg ved hennar namn når ho utførte seremoni-handlingar, og at myten om at Iphigenia overlevde ofringa trengtes for å forklare korleis ho kunne ha tilhald i templet. Den avdøde Iphigenia vart nok dyrka som månegudinne, liksom Arthemis og Helena, og Orestes var øvsteprest for Iphigenia-kulten i Mykene.

Men hald deg fast! Det er fleire mytar om Iphigenia, og dei kan gjere deg søvnlaus!

Tauris heitte eit rike som låg på Krim-halvøya, på nordsida av  Svartehavet. Dette landet er oppkalla etter okseguden TAUROS, som skulle ha dukka opp ved altaret i Aulis då Iphigenia skulle ofrast, og som altså, ifølge ein myte, vart ofra i staden for ho.

Historien har knapt sett mindre gjestfrie folk enn taurarane. Alle framande som kom til riket deira, vart systematisk drept og kasta på offer-elden i Arthemis-templet der. Orestes var så tulen at han reiste dit, saman med sin venn Pylades. Det var oraklet i DELFI som hadde pålagt dei å hente Arthemis-statua der.

Dei to vart straks gripne av taurarane, og brakt til templet for å ofrast. Då prestinna i templet stod fram, viste det seg at ho var den samme Iphigenia som var blitt ofra ved Aulis nesten tjue år tidlegare!

Iphigenia kjente att broren sin då ho såg han, og spurde etter nytt heimanfrå. Då ho høyrde at sjåaren Chalkis var død, takka ho gudane. Dei tre tala vidare saman i løynd, og vart einige om å prøve å rømme saman, og ta Arthemis-statua med seg.

Og Iphigenia røska laus statua, og byrja frakte ho vekk, men då kom den tauriske kongen (Thoas?)og spurde kva i helvete ho meinte med å fjerne statua frå hennar heilage standplass?

Iphigenia forklarte då til kongen at ureine menn, som hadde drept mora si, hadde komt til templet og besudla det. Derfor ville ho bringe statua, saman med dei to fangane, ut under åpen himmel, for at statua skulle verte lutra av sollyset Og deretter ville ho bringe statua ned til stranda, og reinse ho med sjøvatn, for sjøvatn kan vaske bort all menneske-framkalla ureinsemd og dævelskap.

Og dei kom til stranda med statua. Orestes' skip låg fortøyd utanfor synsvidde, og dei greidde å lure vaktene og presteskapet ved templet, og dei fekk brakt statua ombord i skipet, og segla til Aten. (Somme påstår at ein storm dreiv skipet til Rhodos, slik at statua hamna der. I ein annan myte heiter det at statua hamna i APOLLON-templet på øya Zminthe).

I alle fall kom Iphigenia, Orestes, Pylades og statua til Grekarland, men i mellomtida hadde Orestes og Iphigenias søster, ELEKTRA i Mykene, fått ei falsk melding om at Orestes og Pylades var blitt ofra i Tauris. Då tok Aletes over Mykenes trone - han var son av Orestes' mor Klytaimnestra, og hennar nye ektemann, Aegisthos. Men Elektra drog til Delfi for å rådspørje oraklet nøyare om korleis det var med Orestes' død. Ho kom til Delfi på samme dag som Orestes, og himmelfallen vart ho då ho traff sin bror som ho trudde var død. Og ikkje mindre himmelfallen då ho traff si søster Iphigenia, som ho trudde hadde vore død i mange år. Dei tre (og Pylades) drog så med Arthemis-statua til Mykene. Orestes drepte Aletes, og tok tilbake kongsmakta der.

Men det gjekk mange ville rykte om kvar Arthemis-statua hamna. Mange ville eige denne mektige og legendariske statua. Somme påstod at Iphigenia etterlet statua i Brauron i nærleiken av Marathon, og andre har hevda at statua vart brakt til Lakedaimon. Atter andre sa at statua hamna i Aten; og det ser ut til at fleire andre byar hevda at deira Arthemis-statue var den mektige statua frå Tauris. Både kappedokarane og lydarane påstod at dei hadde statua i sitt eige. Når det gjeld Arthemis-statua i Brauron, så vart ho røva av persarane, som brakte ho til Susa. Sidan vart denne statua gitt i gåve til syrarane i Laodicea.

I ein myte heiter det at Iphigenia flaug opp til gudane etter at ho var blitt ofra, men at ho seinare returnerte heim til Mykene, og at ho til sist døde i Megara, som lagnads-ironisk var heimbyen til sjåaren Chalkis. Andre har påstått at Iphigenia vart dyrka som dødsgudinna HECATE ved eit Arthemis-tempel.

Så er det fortalt om taurarane, at dei ofra matrestar til ei ungjente som dei kalla Iphigenia, og som dei hevda var datter av Agamemnon.

Det er også fortalt at Iphigenia vart gjort udøyeleg og evig ung av Arthemis - at ho vart gift med ACHILLES, og at dei to lever på Den kvite øy i Svartehavet, nær elva Donaus munning.

Det er påstått at NEOPTOLEMOS var son av Iphigenia og Achilles.

Mykene var eldste bystat vi har spurnad frå i gresk område. Mange trur at Mykene-kulturen har tilknyting til Den minoiske kulturKreta. (Sjå MINOS). Men mytane om Iphigenia fortel om nære tilknytingar mellom Mykene og Tauris. (Sjå TAUROS, TARTAROS og TAUROPOLOS). Det ser ut til at dei gamle kulturane i Mykene, på Kreta og på Krim-halvøya har eit felles opphav.

 

Tekstboks: GUDEBILETEIRIS

Iris var regnbogens gudinne - ho var den personifiserte regnbogen. Ho vart brukt som sendebod av gudane når dei ville kontakte menneska. Særleg vart ho mykje brukt av HERA. Iris var datter av titanen THAUMAS og nymfa ELEKTRA. Ho vart avbileta som ei ung kvinne med venger; ein bodberar-stokk og ei vass-krukke. Iris har gitt namn til regnbogehinna i auget, og adjektivet iriserande - det er farge-effekten ein ser når ein oljedråpe spreier seg over ei vassflate, eller fargeskimringa i ei påfugl-fjør.

For eksempel her, kan det vere høveleg å peike på kor altomfemnande religiøsiteten til dei gamle grekarane var. Det var gudar og guddomskraft i alt - i naturfenomen som regnboge, vindar, bølger, straumar, skyer. Og det budde ein guddom i kvar plante og i kvart dyr. Morgon og kveld var gudar, og årstidene og tider for såing og hausting - for unddom, helse, giftemål. Måltida hadde gudar, og også kokereiskapar, hus, dører, senger. Sol og måne, himmel og hav var guddommelege; og elvar, fjell, skogar. Kvart handverk og kvar utøvande kunst hadde sin guddom. Byar og grender hadde sine vernegudar. Grekarane meinte alt som var til var guddommeleg. Livet var høgtidssamt og heilagt - alle kvardagsgjeremål var heilage. Naturen vart halden i gang og styrt av guddommelege krefter. Guddomskreftene levde omkring ein - dei var i kvart fotsteg - i kvart andedrag.

Regnbogen hadde samme namn som regnbogens gud; Iris, og guden som hadde tilhald i hyasint-blomen heitte HYASINTHOS.

Den gamle norrøne folketrua var i mangt lik den gamle greske. Til dømes noko så prosaisk som dørstokken, var heilag og vart høgtidleg vigsla når ein skulle flytte inn i nytt hus. Høgsete-stolpar drog utvandrarar med seg til Island. Det er elles ikkje uvanleg at kristen-prestar hevdar at Gud bur i alt, og i katolske land har kvar landsby sin verne-helgen.

Etter april-regnet hentar Iris fram regnbogen. Ho er gudanes rappfota sendebod - ho er snøggare enn sjølvaste HERMES, og mykje meir grasiøs. Ho er søster av HARPIENE, og undera si datter. Ho er vestavindens morskjærleik, og ho framviser dei sju planetanes fargar. Iris er Engelen - sendebodet som talar direkte til sjela - ho er HEKATEs ljose aspekt. Ho reier opp HERAs brureseng. Ho er fargane i dine auge - ho er MAIA - regnvatnet som strøymer frå dei høge himlar. Ho er KORE, og ho er krafta som bind Den nemeiske løva med blomsterband. Rask som tanken bind ho jord og himmel saman med lysstrålar.

Det er sagt at Iris inngjekk ekteskap med vestavind-guden ZEPHYROS, og at ho med han fekk sonen EROS, som vart dyrka som kjærleiksguddom. Prøv sjølv om du kan kjenne kjærleikskrafta i dei milde vesta-stormane.

 

Tekstboks: ISISISIS

Isis var korkje gresk eller romersk, men egyptisk. Men under Romarriket oppstod fleire sekter av Isis-dyrkarar, og til tider var Isis svært populær. Isis var mor-gudinne, fræve-gudinne, vår-gudinne, lys-gudinne og gudinne for magi. Med meir.

Dei gamle egyptarane kalla ikkje Isis for Isis - dei kalla ho Aset! Då den antikke verda byrja dyrke Isis i romartida, hadde den gamle Aset frå Egypt vore gløymt i fleire hundreår. Det var bare ei lita gruppe med prestar som framleis greidde å lese dei gamle hieroglyfane på tempel-veggane, men brått var tida moden for ein Aset-rennessanse, og dei kalla ho Isis, og gjorde ho til gresk-romersk gudinne. Den gamle Aset var ei skræmeleg døds-gudinne, medan den nyoppfunne Isis var ei kjærleg mor-gudinne. Dei nye Isis-kultane innkorporerte alle gudar dei før hadde dyrka i Isis, som ulike aspekt av denne nye MAGNA MATER.

Det er sagt at den gresk-romerske Isis var den store- mor-gudinna med ti tusen namn. Først og fremst vart ho dyrka av kvinnene. Ho var vernegudinne for barnefødslar - for amming og barnestell, og ho gav morsomsorg til alle som trengte det. Eg tolkar den plutselege framveksten av Isis-dyrking, som ein reaksjon på dyrkinga av maskuline krigsgudar og vernegudar for det romerske stats-apparat, som var dominerande under Romarrikets ekspensive glansperiode.

Sjølv om den gamle egyptiske Aset mest var assosiert med dom og død, så fekk ho seg tillagt, i romersk tid, aspekta til mange av dei gamle egyptiske gudinnene som var knytt til omsorg og trøst, som Hathor, Mut, Neith og Sekhet. Det ser ut til at Isis-dyrkinga oppstod i greske koloniar i Egypt, for så snøgt å utbreie seg i det ganske Romarriket. I si velmaktstid vart Isis tilogmed dyrka som sjølvaste skapings-gudinna. Ho vart kalla månegudinne, og ho vart assosiert med frævegudinna HERA.

I ein periode var Isis-dyrkinga stor-populær, og det vart oppført mange tempel for ho. Det er i denne samanheng rart å tenke på at vi ikkje kjenner til eit einaste tempel for den gamle egyptiske Aset - vi veit ikkje om det nokonsinne vart oppført eit tempel for Aset.

Det var samtidig med at Kristendomen byrja etablere seg dette, og då keisar Konstantin den store gjorde Kristendommen til stats-religion, fekk Isis-dyrkinga ein brå nedtur, og levde vidare kun i mindre sekter.

(Sjå også IO).

 

Tekstboks: DEBATTISMENE

Ismene var datter av OEDIPOS og JOCASTA, og ho var søster av ANTIGONE. Ho nekta å hjelpe Antigone med å gravlegge broren deira, POLYNICES. Seinare prøvde ho likevel å ta sin del av æren for gravlegginga, men Antigone sette ho på plass.

 

Tekstboks: MEIRIXION

Ixion var son av PHLEGYAS og konge over Lapittane. Han var høvding og øvsteprest i ein gammal eike-kult. Namnet hans tyder styrke. Han vart den første mordar av slektningar, ved at han drepte svigerfaren sin for å sleppe å betale den store brudelønna han hadde lova han. Han fekk tilgjeving og syndsforlating av ZEVS, men etterpå prøvde han å forføre Zevs' kone HERA. Zevs forkludra planane hans ved å skape ei sky som likna på Hera. Med denne skya fekk Ixion avkom - den monstrøse KENTAUROS, som vart stamfar til dei underlege KENTAURANE. Zevs straffa Ixion ved å binde han til eit hjul som svevar gjennom verdsrommet til evig tid.

Det er mykje mulig at Ixion var ei tidleg utgåve av Zevs – ein ”ur-Zevs”. I tillegg til å vere eike-gud vart truleg også Ixion dyrka som solgud. Eit gammalt veggmåleri viser Dia – ei prestinne for THETIS, som står med bigsel i handa og heiar på nye kandidater til kongetrona, som konkurrerer om kven som greier å fange inn ein villhingst

 

IYNX

Iynx var ei NYMFE; datter av PAN og fjellnymfa EKKO. Iynx kasta trolldom over ein ZEVS-prest, slik at han vart hugteken i IO. HERA straffa Iynx for dette ved å omskape ho til fuglen vendhals - ein fugl som er i slekt med hakkespettene. Vendhalsen bygg sine reir i piletrea langs elvebreiddene, og ved dette er fuglen knytt til vatn og regn. Vendhalsen var dei argivske regnmakar-månegudinnene sin spesielle kult-fugl. (Sjå under IO).

Iynx (vendhals) vart rekna som ulukkes-bringar. Opphavet til det gammal-greske namnet Iynx er eit gammalt, teknisk apparat, som på norsk heiter surr-høne, og som var eit hjelpemiddel i kjærleiks-magi.

For å lage dette apparatet (Iynx), treng du ei rund metallskive og ein hyssing. Du skal bore to hol i skiva, nær sentrum, begge like langt frå sentrum, og liggande på ein diameter-akse som går gjennom sentrum. Så trer du hyssingen gjennom hola, og bind hyssing-endane saman. Du får ei hyssing-løkke som du held mellom hendene - ca. 80 cm lang, og skiva skal henge midt på denne. Så strammar og slakkar du hyssing-løkka i høveleg takt, slik at du får skiva til å rotere - snøggare og snøggare. Skiva frammkallar ein lyd - "iynx - iynx".

Med dette apparatet greidde nymfa Iynx å gjere Zevs kjær i Io, og som straff  skapte Hera Iynx om til fuglen vendhals, som kan vri halsen ekstremt mange grader rundt - nesten som surrhøna roterer.

Det var kjærleiksgudinna AFRODITE som fann opp surr-høna. Ho gav apparatet til JASON, som greidde å forføre trollkvinna MEDEA med det. Surrhønas magi var sterkare enn Medeas magi!

Iynx' far, Pan, forførte månegudinna SELENE. Brukte han surrhøne? HECATE var månegudinna i døds-fasen - ho var gudinne for magi, og Iynx var knytt til Hecate. Det var kvinner som nytta surrhøne, og surrhøna var knytt til måne-dyrkinga.

I 3. århundre fvt. fortel poeten Theocritus i eit dikt om korleis gudinnene SELENE, ARTHEMIS og HECATE vart påkalla av kvinner for å smelte hjertet til ein vakker mann. Det vert utført rituale der voks vert smelta, bygg-gryn brent og ei hurre ("oksebrølar" - sjå under DEMETER) snurra. Mellom desse rituala vert surrhøna snurra, medan magiske vers vert framsagt: "Trekk min kjæraste til mitt hus, du magiske hjul". Ni gangar vart surrhøna snurra, og så hadde den forelska jenta ein samtale med Selene, og fortalde ho korleis det gjekk med kjærleiken. Til sist vart det sunge eit hyllings-vers til Selene.

I Thessalia brukte hekser surrhøna for å hente ned månen! Surrhøna kan binde både måne og menn - du må prøve på ein fjelltopp ei måneskinns-natt! Det er sagt om den døyande månes gudinne - Hecate; at hennar magiske kraft framstår som ein spiral-liknande struktur.

Surrhøna vart også brukt av regnmakarar - ho kunne trekke regn ut av himmelen. Surrhøna kan også påkalle demonar som sender deg profetiske draumar. Gudar kan hentast ned frå himmelen med surrhøna. Lyden som surrhøna framkallar liknar på guddommelege andedrag.

 

 

 

Til framsida

 

 

 

 

.

 

 

 

 

                                                                                             



 

 

 

 
.

 


 

 

1