GRESKE OG ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på F |
Forfatta av Aslak Nedregård |
|
Gresk |
|
Romersk |
|||
|
|
|
|
|
|
|
Fabulinus var romersk vernegud for småbarn som var komt over baby-stadiet. Fabulinus lærte barna deira første ord. Foreldra gav Fabulinus ei offergåve når barnet deira hadde uttalt sitt første ord. Fabulinus var
ein av dei utallige italiske småguddommar frå gammal tid. Kong Numa var
romersk konge ca. år 700 fvt. På hans tid vart Fabulinus rekna som ein noko
gammaldags guddom, men han vart framleis halden i ære, og ofra til. Av
guddommar som var nærskylde til Fabulinus, kan nemnast CUBA, som sørgde for at babyar sov fredsamt i krubba; Domiduca, som sørgde for at ungar (og
vaksne) som hadde vore heimanfrå kom trygt heim; Vatican, som hjalp den nyfødte med å ytre det første skrik. Vatican tyder "spåmann, spåar, profet, spådom"
eller noko slikt. Antakeleg brukte dei gamle italarane å spå framtida til
barnet utifrå kva slags skrik det først laga. |
|||||||||||||||||||
Fama var romersk gudinne for berømmelse og ry. Det
er sagt at ho var datter av jordgudinna TELLUS.
Ho vart avbileta med mange auge og munnar. Palasset hennar hadde tusen
vindauge som alltid var opne (var det himmelens stjerner?), og ho kunne sjå
og høyre alt som hendte på jorda. Fama hadde ein firdelt personlegdom:
Fama reiste rundt i verda med rykter og sensasjonar.
Først kviskra ho til nokre få; så tala ho høgt til fleire, og til sist hadde
heile verda høyrt det. Ho var den verste sladrekjerring! Grekarane kalla Fama for Ossa. USA-ungjenter dyrker Fama. Deira store mål i livet er å
bli famous - berømt. Fama er gudinne for kjendisar. |
|||||||||||||||||||
Faunane var ville skog-ånder - ustyrlege kåtingar. Dei hadde andlet og overkropp som ein vakker unggut, men underkroppen var av hjorte-skap. (Men dei gjekk oppreist på to bein). Dei hadde menneske-armar med glatt hud, hjorte-øyre og hjortehale. I andre overleveringar får vi vite at dei hadde hjortehorn, vakkert, svartkrølla hår og skjegg, små spisse øyre, geitekropp, etc. Faunane var vennlege, men ganske sky.
Dei var bra tøysete, og høyrde du skrallande latter langt inanfrå skogen, så
var det faunane som mora seg. Så spela dei på fløyter som heitte syrinx, og nokre obo-liknande
blåseinstrument som heitte skalmeie og bura fælt. Dei spela vakker,
uforgløymeleg musikk. Faunane heldt til i skog og fjell og villmark - langt ute på landet. I byane traff du aldri faunar. Dei heldt seg i følge med skogguden FAUNUS. Grekarane hadde nokre liknande villmarks-vesen som heitte SATYRAR, og dei hadde ein skoggud som lika Faunus - det var PAN. Folketrua i
Mellom- og Sør-Europa hadde mangt å fortelje om faunane. Dei var venner med Alvane, men var i stadig konflikt med
Dvergane. Dei elska å danse
gjennom skogen om natta, medan dei spela på mange slags piper og trommer. Dei
sneik seg inn på Alvane, og dreiv gjøn med Dvergane. Det er sagt at det også
fans kvinnelege faunar. Alle faunane var nakne, men kvinne-faunane hadde
langt, svart hår som skjulte det viktigaste. |
|||||||||||||||||||
Ordet "fauna" for dyreliv
er etter den romerske gudinna Fauna. Det er sagt ho var kona til FAUNUS.
Til tider vart ho assosiert med jordgudinnene TERRA, TELLUS
eller OPS. Ho vart avbileta som ei gammalkone med spisse øyre og ein
slange i handa. Ho var frævegudinne for den
ville natur. Det er sagt at ho overvaka skapinga då verda vart til. Ho var mor til Fatui
(fatuene), som var profetiske ånder i åker og mark Også somme vonde ånder var barn av Fauna.
(Sjå også BONA DEA). Bare kvinner kunne dyrka Fauna. Ved dette forstår vi at ho var ei svært gammal gudinne. Ho vart dyrka av romerske matroner under namnet BONA DEA - "Den Gode Gudinne". Ho var vernegudinne for kvinnenes jomfrudom, men også for deira svangerskap. Somme sa Fauna var datter av Faunus - andre sa ho var kona hans. I Roma vart det oppført eit tempel for ho på Aventinar-høgda. Fauna var kunnig i plante-medisin, og prestinnene hennar dyrka mange slags urter i hagane rundt Fauna-templet. Sjuke folk kom til desse hagane, og fekk lækjeråd for mange slags lidingar og sjukdommar. Hennar høgtidsdag, 4. desember, vart ikkje feira i templet, men heime hos ein høgare romersk magistrat. Då måtte alle menn forlate dette huset, og alle manneting vart også fjerna, som matskåla til ein hankatt. Kvinnene heldt så foreining her. Det var forbode å nemne orda vin og myrte, for ein gang hadde Faunus skjenka Fauna full, og piska ho med ein myrtekvist. 1. mai vart det feira Fauna-festival, med mykje blomsterpynt. Kun for damer! Fauna var jordgudinne - ho personifiserte den grøderike, gavmilde jorda. God avling gav rikdom, og Fauna vart avbileta med overflødigheitshorn og med myntar. Gjerne bar ho på ein slange, som er dyret som held seg nærast jorda, og kryp rundt og forkjæler ho. Gjennom slangen kan vi finne jordas visdom og kunnskapar om oss sjølv. |
|||||||||||||||||||
Faunus var ein gammal arkadisk
gud som EVANDER innførte til Italia. (Arkadia var distriktet på Pelopponnes
der Den mykenske kultur vaks fram).
I Roma vart Faunus kalla Lupercus, og fekk til tempel ei hole
på Palatinar-høgda, som vart kalla
Lupercal - "Ulvens
hole". I denne hola vart seinare ROMULUS
og REMUS oppfostra av ei ulvinne. Det ser ut til at den gamle Faunus var knytt til ein ulve-kult. Men namnet Faunus tyder
"Den vennlege". Romarane feira Faunus 15. februar - det var på den dagen
hans tempel vart innvigsla. Festvalen heitte Lupercalia. Hans prestar, som vart kalla luperci, kledde seg i geiteskinn og gjekk i prosesjon gjennom
Romas gater, medan dei slo etter tilskodarane, særleg dei kvinnelege, med
belter av geiteskinn. Kvinnene skulle verte meir fruktbare ved dette. 5. desember var også festdag for Faunus. I romersk mytologi
gjekk Faunus for å vere barnebarn av SATURNUS (Saturn), men det er også sagt at han var son av kong PICUS. Picus tyder "hakkespett", og Picus var regnmakar-prest.
Når hakkespetta hakkar, vert det regn. Faunus var skog-gud
og gud for den ville natur, men
vart også dyrka som gud for åkerbruk
og kvegbruk. Som vernegud for buskap på beite vart han kalla Lupercus; ”han som skremmer bort
ulvar”. Faunus var også guden ein måtte ofre til når ein skulle fiske i elvar og innsjøar, og når ein
skulle drive birøkt. Han hadde også
greie på hagebruk, musikk og dans, medisin og spådom. Det var han som fann opp ORAKLA, er det sagt. Faunus representerte verdas positive
livskrefter. Hans manndomskraft vart stundom påpeika ved å avbilete han med
ein diger, erigert penis - PRIAPOS. Faunus vart romersk motstykke til den greske PAN. Samanblandinga med Pan forårsaka
at Faunus fekk rykte på seg for å vere sex-fiksert. Han vart skulda for å
fare rundt og valdta budeier i hytt og ver; til og med sovande; til og med
gjetargutar - men vi vil avvise rykta om slik lauslevnad frå Faunus si side,
som vonde tungers oppspinn! Faunus kunne meddele seg
til folk ved susinga i skogen og andre mystiske skoglydar, og gjennom
draumar. Han hadde profetiske evner, og dei to eldste romerske kongane, Latinus og Numa, søkte råd hos Faunus. Faunus hadde eit følge av FAUNAR, når han var på vandring i villmarkene. Desse skapningane
vart halvt mann og halvt hjort. I hellenistisk tid vart faunane kalla SATYRAR. Faunus hadde ein
krans på hovudet; truleg av bergflette, og eit ulveskinn og eit beger.
Ved gresk påverknad fekk Faunus og faunane hans
geitebukk-utsjånad. Faunus fekk bukkehorn og geiteklauvar, og når kyrkjas
prestar skulle skremme folk med Djevelen, teikna dei han som Faunus. Faunus hadde FAUNA
som guddommeleg kone. Fauna vart også kalla BONA DEA – ”Gode Gudinne” – og bare kvinner kunne dyrke ho. Ein annan romersk skoggud var SILVANUS, og han vart stundom forveksla med Faunus. Det var eit pinleg opptrinn ein gang. HERAKLES og OMPHALE
hadde lagt seg til å sove i Faunus’ heilage grotte, Lupercal. Faunus sneik
seg inn for å forføre dronning Omphale, men fordi det sovande paret hadde
bytta klede, vart det til at han prøvde seg på Herakles. Det gjekk ikkje så
bra. Sidan brukte menn som dyrka Faunus å kle seg nakne når dei var i
nærleiken av Lupercal, så dei ikkje skulle kome ut for det same som Herakles. I ein legende heiter det at Faunus var ein tidleg konge av Latium, og son av kong PICUS. Kong Faunus lærte folket sitt
jordbruk og fedrift, og han grunnla ein
kult - eit religiøst system med gudar, presta, rituale osv. Så vart han
dyrka som guddom etter sin død. Distriktet der Faunus skal ha vore konge var den heilage Tibur-skogen (der byen Tivoli nå ligg). Dette verkar truverdig - Faunus var då opphavleg ein stor
stammehøvding og kulturbyggar - han innførte jordbruk - i eit samfunn som før hadde vore jegarar og samlarar,
og forma eit system for religionsutøving.
Som resultat av "gamletidas" forfedre-dyrking vart han
guddommeleggjort etter sin død. (Samanlikn dei norrøne gudane Odin og Njord).
I klassisk romersk mytologi heiter det at Faunus og Fauna
fekk nokre ungar som vart kalla Fatui,
og som hadde profetiske evner. Dei heldt til i graset ute på beitemarkene. |
|||||||||||||||||||
Favonis var romarane
si personifisering av vestavinden.
Den var mild, og varsla våren. (Sjå AQUILO). |
|||||||||||||||||||
|
Februa var ei før-romersk gudinne for reinsing. Ho var mor til MARS. Mars var ein svært gammal gud,
men Februa var eldre. Ordet feber
kjem av Februa. Det er elskovs-feber
det handlar om – Februa var gudinna for den
lidenskaplege kjærleik. Månaden Februar
vart av romarane oppkalla etter Februas’ mannlege partnar; Februus. Februus var etruskisk gud
for Underverda, og for reinsing. Av dette kan vi slutte at
også Februa var av etruskisk opphav – Februus og Februa vart kanskje dyrka av
fleire folkeslag? Februar var siste månaden i året, etter den gamle
kalender. Då skulle alt reinsast og ryddast, før ein byrja på eit nytt år.
Med Februas hjelp fekk det nye året ein god start. Februa hadde mange
ulike namn rundt om. Romarane kunne finne på å kalle ho Juno Februa, og i nykristna miljø heitte ho Sankta Febronia. I norrøn mytologi var ho ei av dei fjorten
”Åsynjene”, og heitte Sjavn
(Sjofn).
SOFIA Somme trur
den norrøne åsynja Sjavn har noko
med den jødisk/kristne Sofia å
gjere. Sofia var gudinne for visdom – ho var Guds Moder og Guds Ektemake.
Ho var Den store Mor, ho var Den store Livmor, ho var Det evige lys. Hennar heilage fugl var
dua, som symboliserer anden; sjela. Bulgarias hovudstad heiter etter ho. Sofia var født av det stille, tomme rom. Hennar mektige
katedral, Haga Sofia, ligg i Istanbul. Den er eitt av verdas sju underverk, og var
i si tid sete for Den Aust-romerske
Paven. Då muslimane kom til makta der, bygde dei fire minaretar omkring,
og gjorde Haga Sofia om til Den Blå
Moské.
FESTDAGEN 2. FEBRUAR Det var ein stor fest 2. februar. Den var til ære for
gudinna som hadde ansvaret for ”Årets hjul”. Dette hjulet var tungt å svinge.
Ein måtte hjelpe gudinna å rulle hjulet frå vinter til vår. Vinteren var ei
hard tid, med mørke, kulde, svolt og sjukdom, så våre forfedre hadde gode
grunnar for å lengte etter vår. Dei prøvde å hjelpe gudinna, med alle slags
magiske rituale, for å lokke sola høgare på himmelen. I Irland
heitte gudinna Brigid. Dei kledde
ei prestinne i brudeskrud, og ho sat og venta på sin brudgom, den unge SOL. Brigid var vernegudinne for fræve, kreativitet, smedkunst og medisin. Dessutan var ho barnas
vernegudinne. Det var ein irsk skikk på landsbygda heilt fram til nyare tid,
at jenter og gutar kledde seg ut i gamle filleklede, og gjekk frå dør til dør
for å tigge gåver til Brigid – ”poor Biddy”, som dei kalla ho. Å gi gåve til
ho skulle gi god lukke og god avling til hausten. Og det var svolt i mange
heimar på ettervinteren, så sikkert hadde ungane ofte god grunn til å tigge.
Det var matvarer og smågodt som vart gitt som gåver. Kyrkjeklerkane
greidde ikkje stoppe skikken med feiringa av 2. februar, så dei måtte dikte
opp ein kristen helgen, St. Bridget,
som dagen kunne dedikerast til. Bergflette
(eføy) var ein viktig kult-plante. To namn vi kjenner på høgtidsfesten 2.
februar er Imbolc og Oimelc. Begge desse orda tyder
”eføy-mjelk”. Sevjen rann i bergflettene i februar, og denne magiske mjelka
vart tappa. I Cornwall laga dei ein magisk drykk, av cider, eplemost, honning
og bergflette-mjelk. Romarane
dedikerte 2. februar til VENUS, og
grekarane til DIONE. Vårplanten krokus var vigsla til desse gudinnene,
og det vart pynta med mengder av krokus – det vart pynta med krokus overalt!
Ved templa var ungjenter pynta som jomfru-prestinner – det var eit fagert
syn!
FESTDAGEN
14. FEBRUAR 14. februar var festdag for Februa. Kristkyrkja døypte dagen
om til St. Valentins dag. Valentin
var ein kristen martyr frå 3. århundre evt. Han vart Skytshelgen for forelska par. Det var skikk å gi små gåver til
kjærestane sine på denne dagen. Men mange stadar i Mellom-Europa såg dei på
dagen som ein ulukkesdag. I gammal tid var visst 14. februar ein slags
offisiell forlovingsdag mange stadar.
FESTDAGEN
21. FEBRUAR vart feira av romarane under namnet Feralia. Dette var siste dag av den store Parentalia-festen, til ære for dei avdøde sine sjeler – MANES. Under Feralia måtte templa til
alle dei andre gudane enn Februus og Februa (Juno) vere stengt, og det var
forbode å inngå ekteskap. Gåver vart bore til gravene til avdøde slektningar
og venner. Trua var at dei avdøde sine sjeler sveiv omkring gravene, og at det
var viktig å vise dei respekt, om ein ikkje skulle verte råka av ulukke. Feralia-festen vart også kalla Februa. Det vart gjerne ofra til Juno under festen, og vi kjenner
til at ho vart påkalla under namnet Juno
Februa. Samanhengen her må vere at romarane assosierte si Juno med den
etruskiske Februa. Feralia var ein vår-reinsings-fest. Også den moderne
nordmann byrjar automatisk å rydde i hagen når det vårast - trongen til å
rydde bort det gamle året ligg nedfelt i vår psyke. Men romarane heldt også
vårreingjering på det åndelege og guddommelege plan. Romarane spela eitt brettspel 2.
januar. I eine enden av brettet stod to spelbrikkar – ei kjerring og ein
drake. I andre enden stod ei ungjente og eit lam. Spelet gjekk ut på at
lammet skulle overvinne draken, slik at kjerringa kunne verte ungjente att –
den gamle gudinna skulle verte til den unge gudinna, slik at eit nytt år
kunne byrje.
I Norden vart 2. Februar kalla Disting-tid, og på denne dag vart åkrane rituelt førebudde til såing. Jorda vart strødd med salt, oske og magiske urter, sjølv om markene ennå låg under snø. Var dette dei første spede forsøk på gjødsling? Romarane feira på 2. februar ein stor rituell fest, for Juno Februata. Denne gudinna skulle vere mora til MARS, og ho skulle ha satt Mars til verda ved jomfrufødsel. Dette var ikkje ei etteraping av fødslen til Jomfru Maria (Mirjam) – det var heller tvert imot. Romarane gjekk om kvelden og natta i tog gjennom byen med tende lys, til Februas ære. Pavane omdøypte denne festdagen til "Lysmesse" – dei ville få bukt med den heidenske skikken ved å få folk til å dyrke Jomfru Maria i staden - ”Vår Frue” som ho kaltes. Det var nok ein mjuk overgang, og for folk flest gjekk det kanskje mest for det samme? Og den katolske kyrkja har sidan halde fast ved lysmesse-feiringa.
CERES Men ei anna gudinne blandar seg også inn i denne lysvandringa – CERES, korngudinna – den romerske utgåve av den greske DEMETER. Kvar haust måtte Ceres’ datter, PROSEPHINE, reise til Dødsriket for å tilbringe eit halvår der, og Ceres gjekk fortvila omkring på jorda og lyste og leita etter ho. Når Prosephine vart funnen og kom opp til jordas overflate att, då kom våren. I februar var det på høg tid å finne att Prosephine, og alle ville hjelpe Ceres å leite – dei gjekk med lys og leita. Var Ceres og Februa den samme? Kven var eldst av dei to? |
||||||||||||||||||
Februus var gud for UNDERVERDA - han var keltisk og etruskisk, og vart seinare også romersk. Han var reinsingsgud. Romarane dyrka han stundom under namnet DIS PATER - "Gud Fader". Hans guddommelege hustru var FEBRUA, som også vart kalla BONA DEA. Det er kaldt og skumt i februar, og naturen kviler. Månaden har namn etter den etruskiske guden for Underverd og reinsing, Februus. Februus er blitt samanlikna med den greske HADES og den romerske PLUTO, og også med den galliske gud for rikdom - Dis, som vidare kan lenkast til den romerske dødsguden ORCUS. I Roma vart Februus feira med ein festival kalla Feralia, eller Februa; 17. eller 21. februar. Under denne festivalen var det forbode med giftemål, og templa til alle dei andre gudane vart stengt, og gåver vart brakt til gravene til avdøder slektningar og venner. MANES - sjelene til dei avdøde, svevde under denne høgtida omkring dei avdødes graver, og gåvene var meint å skulle heidre Manes. Manes hadde stor makt i Underverda, og romarane meinte ein skulle vere bra dum, om ein ikkje heidra Manes på beste vis. Tallet 3 var heilagt for Manene, og derfor vart dei alltid påkalla tre gangar. Herifrå stammar uttrykket "Alle gode ting er tre". Menneska kan lære mykje om sin ubevisste angst for døden og det å døy, ved å setje seg grundig inn i rituala omkring den gamle Feralia-festivalen. (Feralia tyder "lik".) Den mektige gudinna JUNO vart stundom påkalla under Feralia-festen. Ho vart påkalla for å gi rikdom - det vil seie stor avling. Men først og fremst sentrerte festen om vår-reingjering, og ennå i dag kjem lysta til opprydding etter det gamle året over oss, når kveldane byrjar verte lysare om våren. Det gamle året må reinsast bort, for å gi plass for det nye året. Menneskelivet vart samanlikna med året. Ein vart født og var ung om våren - ein var i sin beste alder om sommaren - ein eldest om hausten, og vinteren var døden. Gammalt liv måtte vike for nytt liv. Under Feralia-festen vart jorda rydda for å gi plass til det nye liv, men ein minnast også dei døde, og æra dei. Under
Feralia-festen vart det ofra vin, olje og mjelk til gudane. Sjå også under FEBRUA. |
|||||||||||||||||||
|
Felicitas var romersk gudinne
for god lukke. Det er også sagt at ho var vernegudinne for morsmjelk, som gjorde babyar
lukkelege. Romarane adopterte Felicitas frå etruskarane. Namnet hennar
tyder "lukke". Det latinske ordet for katt er felix, som tyder "lukkeleg". Felicitas vart ofte
avbileta på romerske myntar. Cicero skreiv at Felicia hadde eit tempel
i Roma, som vart bygt ca år 150 fvt. Felicitas vart av og til
assosiert med gudinna for hell og lukke - FORTUNA, men eg vel å tru at
Felicitas og Fortuna var to ulike gudinner, og at Fortuna representerte lukke
på eit meir matrielt plan. Keisarane brukte gudane for å
nå sine politiske mål. Felicitas vart gjort til vernegudinne for soldatar - spesielt heitte det at
sigersrike hærførarar hadde Felicitas ved si side. Caesar planla eit
nytt tempel for ho, og det vart oppført av triumvir Marcus Aemilius
Lepidus. Keisarane gjorde Felicitas til vernegudinne og lukkegudinne for
heile det romerske imperium, så ho vart ein av dei fremste guddommane i
keisartida. Den gamle, etruskiske Felicitas
fekk ei ny rolle som romersk gudinne i keisartida. Den gamle Felicitas var
knytt til gledelege hendingar, latter og tilfredsheit. Den nye Felicitas var
vernegudinne for den lukke som skriv seg frå rikdom, eigedom og matriell
velferd. Ho vart avbileta på myntar - som ei matrone med overflødigheitshorn
(cornucopia) og merkur-stav (caduceus). Merkurstaven var
handelsmennenes symbol, og handel var ein veg til rikdom. Men at rikdom ikkje
gir lukke, er ei lekse som menneska aldri lærer. På 17. januar feira Roma høgtidsdag for tre gudinner; PAX (freden), CONCORDIA (semje) og Felicitas (lukke). På denne dag vart det avsagt milde dommar, ein benåda straffedømde, og prøvde å løyse rettstvistar ved mekling. |
||||||||||||||||||
|
Feronia var ei romersk gudinne som vart påkalla for å
sikre god avling. Slavar og
frigitte slavar dyrka ho som fridomsgudinne.
Feronia høyrde landsbygda til – ho levde i skogar og fjell-lier. Ho hadde ein
son som heitte Herulus, som hadde
tre liv. Til sist
vart han drept av EVANDER – Evander
måtte drepe han tre gangar. Sabinarane dyrka Feronia som dronning i Underverda. Namnet hennar skal tyde
”Ulvemor”. Myten om at Romas’ grunnleggarar - tvillingane ROMULUS og REMUS vart oppfostra av ei ulvinne, er nok knytt til denne
Feronia. Denne Ulvemora i Underverda hadde ein mannleg
partnar. Han vart kalla FERONIUS;
andre tider Soranus; andre tider DIS PATER. Ei rik, romersk familie
hevda at dei nedstamma frå Feronia sine sabinske prestinner, og dei feira ho
med ein årleg Feronia-fest. Under
denne festen gjekk dei barbeinte over glødande kol, for å vise kva ætt dei
var av. Feronia vart også kalla Lupa – det tyder ”Ulvinna”. Hertil høyrde festen Lupercalia – det var ein
vigslings-seremoni for unge menn. Dei var kledde i ulveskinn, og truleg bar
dei også ulvemaske. Ulike manndomsprøver inngjekk i seremoniane. Ulvinna Gudinnene (øvsteprestinnene) som vart dyrka som ulvinner, var trippel-gudinner - det var det
vanlegaste... at ei gudinne ved eit tempel eller ein annan heilagdom var ein
slik triade. Ho var ei, og ho var tre, etter som det høvde seg. Mindre vanleg var det at
maskuline gudar opptrådte som triadar, men Kristendommen laga seg til med ein treeinig gud – Faderen, Sonen og
Den Heilage Ande. Feronia var trippel-mor då ho
fødte sonen Herulus, og av dette
fekk Herulus tre liv. Det var ein storslagen fødsel – heile byen venta i
spaning, og sikkert sang dei hymner og spela og dansa dertil. Men bare
innvigde fekk tre inn i den heilage fødestova. Ei av AMAZONE, som heitte Neuriene, omskapte seg til ulvinner
nokre dagar kvart år. Det var under den største høgtidsfesten til amazonene.
Dei bar ulveskinn og masker. Også nokre irske stammer hadde denne skikken –
dei vart ulve-menneske under jule-høgtida,
og gjekk laus på kyr og sauer med bare tennene, og åt dei rå. Jul (Youle) var
midtvintersfesten til dei nordbuande keltarane.
Youle var namnet på den mørkaste vintermånaden, og eigentleg tyder dette
ordet "hjul". Det er Årets
Hjul det er snakk om her. Årets hjul måtte svive rundt for at vinter
kunne gå over til vår, vår til sommar og sommar til haust. Ved midtvinter var
hjulet tungt å svive - vinteren var som ein kneik å kome over, og alle måtte
hjelpe til med å dreie årets hjul gjenom midtvinteren, slik at året kunne gå
mot lysare og varmare dagar igjen.
Derfor vart den store festen for vintersolkverv kalla Youle. Nokre slaviske stammer hadde den
skikken at dei drog alle nyfødte barn gjennom ein ulve-ham, og med dette
meinte dei at barnet var født av ei ulvinne. Ulvinna var stammenes totem-dyr, og ein ville knyte den
nyfødte til totemdyret. Då kristendommens geistlege ville forby skikken,
protesterte folk, og sa at skikken verna barna mot hekser. Det var mange ulve-kultar knytt
til den galliske gudinna DIANA.
Somme av dei heldt det gåande til langt inn i Middelalderen. Som ulvinne vart
Diana kalla Lupa eller Loba. I Sør-Frankrike veit vi det var
vanleg med ulve-prestinner. Lupa var mor til dei ville dyr, heitte det der. Sigøynarane
hadde eit heilagt fjell dei kalla Monte
Lupo – “Ulve-fjellet”. Her heldt Ulvinna til, og her var reist ein statue
av ho. Unge menn mastruberte på statuen, og ved dette fekk dei kunnskapar om Dei MagiskeLløyndommane. Ulvinna ville
så verne og rettleie dei, men dei måtte aldri sette sin fot i ei kristen
kyrkje, for då braut dei pakten med gudinna. Ulvinna var knytt til MÅNEN – ho var Månen. Under fullmåne strøymde hennar kraft på
sitt mektigaste. |
||||||||||||||||||
Fides var romersk gudinne for ærlegdom og lojalitet til statens lover. Ho var vernegudinne for
rettskaffenheit mellom individ og samfunn. Det var den sabinske kong Numa
som fann opp Fides, etter modell av den sabinske gudinna Dia Fidius.
Numa styrte Roma etter ROMULUS, som byen Romas andre konge. Han ville
gjere Roma til ein retts-stat, og dikta opp ein myte om eit partilhøve mellom
Fides og JUPITER. Fides vart avbileta som ei ungjente i kvit klednad, køyrande i ei vogn,
eller som ei gammalkone kledd i olivengrønt, og berande på ei fruktkorg. Det
vart bygd eit tempel på Capitol for ho, og her underskreiv Roma sine
avtalar med andre statsmakter. |
|||||||||||||||||||
(Philoctetes) |
Filoktetes var ein gjetar som kom forbi der HERAKLES hadde laga bål og ville brenne seg til døde. Han tente bålet for Herakles, og fekk bogen og giftpilene i gåve. |
||||||||||||||||||
Grekarane kalla fjellnymfene for OREADER. Mellom andre EKKO og ERATO var fjell-nymfer. (Sjå OREADER og NYMFER). |
|||||||||||||||||||
Flora var romersk gudinne for vår og blomstring.
Blomsterplanter var hennar domene – dette inkluderte også kornaks og
vinrankar. Det er sagt at ho var elskarinna til den greske ZEPHYROS – Vestavinden. Zephyros
(Zephyrus) gav Flora ein fager hage som bugna av blomster, og HORAENE og GRATIENE stelte hagen. Det er fortalt at Flora fungerte som jordmor då JUNO fødte MARS ved jomfrufødsel. Den religiøse vår-festen for Flora varte frå 28. april
til 1. mai, og vart kalla Floralia.
Det var ein ganske fyrig fest, med dramatiske framføringar og jakt-innslag i Circus Maximus. Villdyr vart sette
fri, og det vart strødd bønner omkring for å gynne fræve. Desse sirkusleikane
vart kalla Ludi Florales. Sjølv om
Floralia byrja i april, så var det ein nedarva tradisjon etter ein eldre mai-fest. Under Floralia pynta folk seg med blomster, som under den
eldre mai-festen. Det vart utveksla obskøne medaljongar, og det var mykje
flørting og klining og laussluppen sex. Kvinnfolka kunne finne på å paraderte
nakne omkring, til dette vart forbode i tredje århundre evt. Det var også mykje prostitusjon under Floralia, og
romerske prostituerte vart kalla Flora.
Første Floralia-festival vart feira i Roma i år 238 fvt.
Etter nokre år vart det slutt med
feiringa, men ho vart teken opp att i år 173 fvt. Det året var våren
svært dårleg - vind og hagl skadde avlingane; og senatet bestemte å ta opp at
Floralia, for å blidgjere vårdronninga. Vår tids
russefeiring kan minne om Floralia, eller dei gamle mai-festane. I gamle Noreg, for eit par hundre år sidan
og før, var det i mange bygder ein slik fest når det var saueslepp om våren,
eller endå betre – hesteslepp. Desse utandørs festane på beiter og i utmark
var utan særleg organisering, men dei hadde sine tradisjonar. Både unge og eldre
vart våryre, og det var tillaup til fri sex for ein dag, same kor pietistisk
ein levde resten av året. Flora vart avbileta som ei vakker ungjente med
blomsterpynta tunika og blomsterkrans på hovudet. Flora var lett og
ledug og kvikk på foten. I hennar fotspor sprang våren fram. Jorda vermdes av
hennar blikk, og eit vell av blomster sprang ut der ho drog fram. Ho var Vårens Dronning, og velsigna landet
med fargar, angar og venleik. BACCHUS
sprang hugteken omkring ho, og ho gav helse, groe og venleik til landskapa.
Ho var romantisk, lystig og sensuell. Sjå også POMONA |
|||||||||||||||||||
- sjå PHOEBE. |
|||||||||||||||||||
- sjå PHOEBOS. |
|||||||||||||||||||
- sjå PHOLOS. |
|||||||||||||||||||
|
Fontus var romersk verneguddom for brønnar og vasskjelder.
Han var son av alle vass-kjelders vernegudinne, JUTURNA. Seinare
myte-makarar påstod at faren var JANUS.
Janus hadde gifta seg med Juturna, som hadde sitt tempel og guddommelege
fontene like ved Janus' tempel, på Forum
Romanum. Fontus vart høgtida
13.oktober. |
||||||||||||||||||
Forculus var romersk hushaldsgud - det vil seie at han
vart dyrka i dei private heimane. Han hadde særleg med dører å gjere. Romarane sette ein
liten skulptur av Forculus ved inngangsdørene til husa sine, som guddommeleg
dørvaktar. Han hadde hjelp av gudinna CARDEA
som vakta dørhengslene, og guden LIMENTINUS som vakta dørstokken. |
|||||||||||||||||||
Fornax var romersk gudinne for brød og brødbaking.
Namnet hennar tyder også ”ovn”. Ho hadde tilhald i bakeomnen. Fornax vart
hylla under Quirinalia-festen 17.
februar, då også krig-bonde-brød-guden
QUIRINUS vart feira. På denne
festdagen vart det hengt blomsterfletter på ovnar og blomsterkransar på
muldyra som trekte hjulvandrings-møllene rundt. (Sjå under FORTUNA). På den sørlege himmel kan du finne stjernebiletet Fornax. |
|||||||||||||||||||
Fortuna var ei italisk gudinne for hell og lukke. Ho vart
etter kvart dyrka over heile Romarriket. Romarane såg på ho som eit motstykke
til den greske TYCHE. I byrjinga
vart Fortuna halden for å vere ei slags fræve-gudinne
eller gudinne for velstand. Etter
kvart vart det til at ho bare vart påkalla for å oppnå hell og lukke. Ofte
vart ho rådspurd om framtida. Ho hadde to ORAKEL-heilagdommar - i Antium
og Praeneste (Anzio og
Palestrina). Hennar tempel i Palestrina (Praeneste) var mektig.
Ypperstepresten her gav orakel-svar ved merkelege teikn, som vart kalla sortes praenestinae. Det var ein fyr
som heitte Numerius Suffustus som
ein gang grov i nokre klipper, og så fann han nokre gamle eike-tavler med
mystiske skrift-teikn. Han oppretta eit orakel omkring desse tavlene, og gav orakelsvar
med utgangspunkt i dei mystiske teikna. Namnet Fortuna kjem av namnet til den gamle italiske
gudinna Vortumna. Namnet tyder
”omkvervlar”, og meininga er: ”Ho som sørger for at året sviv rundt”.
Vortumna vart høgtida i oktober, då kornet vart malt. Dei mol med hjulvandrings-mølle. Ein diger,
hjulforma møllestein vart trekt langs ei ringlforma steinsetjing, som kornet
vart strødd på. Rundt og rundt drog muldyra møllesteinen. Og året vandra på samme vis - rundt og
rundt; meinte folk. Gudinna FERONIA hadde
også med årets gang å gjere, så det kan vere ein samanheng mellom Fortuna og
Feronia og Vortumna - namna er ganske like...kanskje var dei ein gang ei gudinne, som gjennom tida utvikla
seg til to? I seinare tid vart Fortuna halden for å vere lagnadsgudinne – var du heldig med di
Fortuna, så fekk du eit lukkeleg liv. Men hadde du ei hard Fortuna, så kunne
livet verte vanskeleg. Fortuna kunne ikkje mutast. Kvar manns lagnad låg
fast, og var ikkje til å påverke. Fortuna vart gjerne
avbileta som ei blind kvinne med eit skipsror i eine handa og eit
overflødighetshorn (cornucopia) i den andre. Roret symboliserer at ho styrer lagnaden
til menneskeheita - hornet at ho sørger for velstand. At ho var blind
symboliserte at ho ikkje tok omsyn til korleis folk tedde seg – lukka og
ulukka fall tilfeldig, på rettferdige som urettferdige. Andre attributtar som
var symbol for Fortuna var hjulet,
som symboliserer årets uavvendelege gang, og kula (sfæren), som
symboliserer universets einskap i rom og tid og lagnad. (Det var bare dei kristne som
trudde at jorda var flat). Framstamnen
på eit skip var også eit symbol for Fortuna. Den symboliserer at livet og
tida ustanseleg går vidare. Somme tider vart Fortuna portrettert med venger. Etruskarane dyrka ei gudinne Nortia, som likna mykje på Fortuna. Romerske
ryttar-tropper dyrka Fortuna som Fortuna
Equestris (Heste-Fortuna). "Vår vaktar" kalla dei ho. Det var
høgtidsfest for ho 13. august. Ho heldt si hand over kavalleri-soldatane og
deira familier - både under krig og i fredstid. Fortuna vart elles
dyka under mange namn:
Romarane byrja å dyrke Fortuna Primigenia i år 204
fvt., under Den andre puniske krig.
Dei hadde dyrka ei Fortuna tidlegare - ho sørgde for at slaven Servius Tullius gjorde ein
imponerande karriære, og enda opp som Romas konge. Han måtte vere son av
Fortuna, meinte folk. Andre tippa på at han var kjærasten hennar. Alle romerske keisarar hadde ein
gull-statuett av Fortuna på sovekammeret sitt. Ein gang var Caesar ute i hard
storm med skipet sitt, og styrmannen fekk panikk. Då sa Caesar: "Kva
fryktar du? Du har med Caesar og hans Fortuna!" |
|||||||||||||||||||
(Fraud) |
Fraus vart også kalla Fraud.
Han/ho var ein romersk mytefigur – personifiseringa av svik og løftebrot.
Fraus hadde kvinnehovud, slangekropp og skorpionhale. |
||||||||||||||||||
Frixos var bror
av HELLE. Sjå KRYSOMALLOS. |
|||||||||||||||||||
Fulgora var romersk gudinne for lyn og tordenstormar. I
indieuropeiske religionar var det til vanleg ein maskulin gud som hadde
ansvar for dette (JUPITER, ZEVS, TOR), men her og der fans slike feminine mytefigurar som
personifiserte lyn og storm. Dei var mora til tordenguden, vart det sagt, men
dette er nok nyare påfunn. Fulgora var truleg ei tidleg gudinne som frå først
vart dyrka av primitive stammer. Ein kunne verne seg
mot Fulgora (lynnedslag) ved å feste eit laurbærblad til utgangsdøra. Fulgora
verna heimane mot torever og skadestorm. Fulgora
har gitt namn til ei eksotisk nattsvermar-familie. Desse sommarfuglane har
oppblåste hovud som kan lyse i mørkret. Spesielle
geologiske danningar vert forma når lynet slår ned i sanddyner. Temperaturen
kan kome opp i 15 000 grader, og sanden smeltar og vert til slagg-aktige
klumpar - somme stadar til eit par meter lange, tynne rørformer. Desse
formasjonane er kalla fulguritar
etter Fulgora. |
|||||||||||||||||||
FURIENE |
Furiene var hemngudinner, og romerske motstykke
til dei greske ERINYENE. Sjå ERINYENE. |
||||||||||||||||||
Furrina er ein av dei eldste
romerske gudefigurar vi kjenner. Det meste om ho er gløymt, men ho hadde ein
heilag lund og ein festdag – 25. juli, som vart kalla Furrinalia. Og
ho hadde ein prest som vart kalla Flamen Furinalis. Somme har tippa at Furrina
hadde med vasskjelder å gjere, og
då helst kjelder med lækjande kraft.
Somme har sett fram ein teori om at hennar ansvarsområde var fruktmodninga. Romarane hadde også ei gudinne
som heitte Furina, og var gudinne for mørket og for tjuvar.
Det er mulig at Furrina og Furina hadde noko med kvarandre å gjere. Somme
lurer på om Furrina ein gang bak i tida var ei av FURIENE. I år 50 fvt. var det ingen som
lenger kunne hugse kvifor Furrina vart dyrka. På latin tyder fur "tjuv"., og furatio
"tjuveri". Furca
tyder "høygaffel" eller "greip", og furcifer er ein som bar furca,
og derved er han "kjeltring, slyngel". Furenter tyder "rasande, avsindig", og det tyder også furia. Men furro tyder "kanta med pels". |
|||||||||||||||||||
|
I eldre gresk og egyptisk mytologi er Fønix ein mytisk
fugl, som vart forbunden med solguden Ra
(sjå under Egypt), eller den greske FOIBOS
- (APOLLON som SOLGUD). Grekarane meinte at Fønix levde i Arabia, i nærleiken av ei svalande kjelde. Ved daggry kvar morgon bada fuglen i kjelda, medan han sang så vakkert at Solguden stoppa vogna si for å lytte. Kvar gang ein fugl Fønix døyr, vert ein ny skapt. Det
fins aldri meir enn ein fugl Fønix. Når fuglen kjenner dauden nærmar seg -
dette skjer kvart 500. eller 1461. år - så bygg han eit reir av aromatiske
greiner, kvistar og blomster, og set fyr på dette. Ut av flammane stig ein ny
fugl Fønix, og denne balsamerer den gamle Fønix' oske i eit myrra-egg, og
flyg med dette til Heliopolis -
Solbyen. (Sjå under Egypt). Her legg den nye Fønix oska av den gamle Fønix på
altaret til SOLGUDEN. I Egypt vart Fønix som oftast avbileta som ein hegre, men i seinare, klassisk litteratur vart Fønix skildra som påfugl eller ørn. Fønix symboliserer udøyelegheit, oppstode frå døden, og eit liv etter døden. Og ofte finn vi han avbileta på sarkofagar (finare likkister). Fønix finn vi att i
indisk mytologi som Garuda, og i
kinesisk mytologi som Feng. (!! Feng og Fønix er
tydeleg i opphav samme ordet. Dette viser at oldtids-kulturane i Egypt og
Kina hadde ein felles tradisjon omkring denne mytiske fuglen. Sør- og
mellom-amerikanske indianar-kulturar har også ein fugl (fuglemann) som
sentral mytisk figur. Kva/kven var denne fuglen som folk var så opptekne av i
indisk, kinesisk, egyptisk, gresk og amerikansk oldtid? Ei stor-viktig
hending i menneskas historie kan ligge bak fugle-mytane!!) Egyptarane hadde
også namnet Benu på Fønix - truleg
ein dialekt-variant. |
||||||||||||||||||
Fønix 2 var ein av dei tre sønene til AGENOR. Han grunnla landet Fønikia. |
|||||||||||||||||||
|